Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Historia til Kviteseid idrettslag

Opraab til at møde i Kommunelokalet i Kviteseid 22de januar for at danne et skilag for Kviteseid.

Kviteseid idrettslag, KIL, ble stifta i 1904. Laget ble stifta etter eit opprop som blei sendt til ein del embetsfolk og andre som blei omtala som «bygdas fremste menn». I oppropet stod det fylgjande: «Opraab til at møde i Kommunelokalet i Kviteseid 22de januar for at danne et skilag for Kviteseid»; det var bare ski som var aktuell idrett frå starten av.

Oppropet var underskrive av fylgjande:
S. Segelcke (Major), A. Utsond (Proprietær), G. Utsond (Billedhogger), W. Florentz (Proprietær). D. Cappelen (Overrettssakfører), N. Cappelen (Overrettssakfører), E. Sandvik (Lensmann), Tor Vaa (Proprietær), T.Smeland (Bank kasserer), A. Bergland (Sokneprest) R. Dahl (Stud. jur.), Dalen (Overrettssakfører).

Kviteseid skilag ble stifta med 22 medlemmer. Kvinner var ikkje med på stiftelsesmøtet, heller ikkje småkårsfolk eller husmenn. Det praktiske ved organiseringa, lover og reglar ble ei oppgåve for embetsfolket.

Det fyrste styret bestod av: Severin Segelcke, formann. Andreas Utsond, varaformann. T. Smeland, kasserar. W. Florentz. Varamedlemmer: H. Cappelen, Thov Sudbø (Midtsund) og Gunnar Utsond. Thov Sundbø og Chr. Rødbak blei valde til revisorar.