Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Idrettsanlegga våre

Kviteseid idrettslag disponerar to fotballbanar, idrettshall, friidrettsanlegg, ljosløype og hoppbakke. Den eine fotballbanen er ein grasbane med tilhøyrande klubbhus. Den andre fotballbanen er ein kunstgrasbane med friidrettsanlegg. I tilknyting til kunstgrasbanen er også Kviteseidhallen.

Kviteseidhallen har fylgjande fasilitetar:
- hall i håndballbanestorleik (kan delast i tre med skiljeveggar)
- klatrevegg
- spinningrom
- styrkerom
- miniatyrskjotebane
- møterom
- diverse aktivitetsrom

Nedanfor finn du oversikt over kven som har fått tildelt treningstider i Kviteseidhallen. Det er ein oversikt over hallen og ein oversikt over spinningrommet. Kviteseid kommune eig Kviteseidhallen og det er kommunen som tildelar treningstidene.