Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Kviteseid idrettslag

Best mogeleg for flest mogeleg.

Kviteseid idrettslag er eit fleiridrettslag som blei stifta 12. januar 1904.

Kviteseid idrettslag skal vera ein open og demokratisk organisasjon der formålet er å drive idrett organisert i Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. Alle idrettslege aktivitetar skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom. Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med utelukkande personlege medlemmer.

Idrettslaget er organisert med seks undergrupper. Undergruppene er fotball, ski, trim og friidrett, spinning, pilates og barneidrett. Kontaktsida viser ein oversikt over hovudstyret i Kviteseid idrettslag og leiarane i dei ulike undergruppene.

Styret i Kviteseid idrettslag har laga ein plan for verksemda i idrettslaget. Føremålet med organisasjonsplanen er å konkretisere kva for mål me har med drifta i laget og korleis me skal nå desse måla. Kvar av undergruppene har laga planar for sitt arbeid. I organisasjonsplanen er det óg informasjonen om kva som skjer til ei kvar tid i laget.