Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Pilates

Pilates

Pilates er ei form for fysisk trening med stabilitet og kroppskontroll som mål. Sjølv om Pilates er ei form for styrketrening handlar det ikkje om å "pumpe" opp musklane for at dei skal bli så store som mogeleg. Fokus er statisk styrke, ikkje dynamisk styrke, og at den indre støttemuskelaturen blir bygd opp frå botn av, slik at kroppen kan berast på ein korrekt måte.

Pilates utførast med rolege og skånsame, men effektive øvingar.

Me kallar treninga vår for Pilates - styrke - hall, fordi me kombinerar Pilates og styrkeøvingar på matte i hall.

Styrke

Me har utvida treninga med syrketrening i treningsrommet i Kviteseidhallen. Her har me styrkeøvingar med apparat og vekter. Hovudvekt er å styrke armar og bein.