Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Skikarusell

Skigruppa har som formål å bidra med uteaktivitetar på ski, hovudsakleg for ungar frå barnehagealder og opp til og med 10. klasse. Me har i fleire sesongar arrangert Telenor skikarusell i ljosløypa ved Kviteseidhallen der opptil 100 ungar deltek! På kvar skikarusell blir det servert kake og saft til alle ungane.

Me ynskjer at fleire kjem seg ut for å vera i aktivitet og for å ha det moro på ski, det bidreg også til at foreldre kan møtast og ha det koseleg. Difor ynskjer me at alle kan ta seg ein tur når det blir arrangert skikarusell - både vaksne og ungar.

Ljosløypa har to distansar. Den eine er rundt løpebanen og er på ca. 400 meter. Den lengste løypa er på ca. 1200 meter. Anten du vil skøyte, sprinte eller gå klassisk, så er ljosløypa open for alle.