Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Bli medlem!

Kviteseid idrettslag ynskjer alle velkomne som medlemmer, anten du er aktiv eller bare ynskjer å vera støttemedlem. Alle som deltek i aktivitetar i regi av Kviteseid idrettslag, må vera medlem i eit av idrettslaga i Kviteseid kommune.

Eit medlemskap i Kviteseid idrettslag kan anten vera eit enkeltmedlemskap eller eit familiemedlemskap. Familiemedlemskap gjeld for ein eller to vaksne og ubegrensa antal barn opp til 18 år.

Familiemedlemskap: 300 kr/år
Enkeltmedlemskap - barn (under 18 år): 150 kr/år
Enkeltmedlemskap - vaksen: 200 kr/år

Kviteseid idrettslag brukar "Min idrett" for å registrere medlemmene. Min idrett er Norges idrettsforbund sitt eige register. Dersom du ikkje allereie har ein profil på Min idrett, må du opprette ein for å kunne melde deg eller eit familiemedlem inn i Kviteseid idrettslag.

Frå Min idrett kan du:
- Endre din personlige informasjon (f.eks. adresseendring).
- Sjå kva for funksjonar og verv som er registrert på deg.
- Melde deg på og betale kurs/arrangement/konkurransar/stemner/løp (ikkje alle idrettar).
- Betale medlemskontingent.
- Registrere din familie og gjera dei same operasjonane for heile familien samla.

På sida "Rettleiar til Min idrett" finn du informasjon om korleis du opprettar profil på Min idrett og korleis du melder inn ein eller fleire personar i idrettslaget.

Dersom du har problem med å registrere deg på "Min idrett" kan du sende oss ein e-post på post@kviteseididrettslag.no.

I tillegg kan du bli med i Facebook-gruppa vår for å få dei siste oppdateringane.