Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Fotball

I Kviteseid har alle born frå 5 til 16 år eit tilbod om å spele fotball. Om lag 100 born er med per 2022, og det er alltid plass til fleire!

Både vår flotte Kviteseid Stadion og "gamlebanen" blir bruka til treningar og kampar, og det er derfor nok av plass til å boltre seg på. Utanfor sesong har dei fleste laga innetrening i Kviteseidhallen.

Kvart år blir det arrangert klubbdommarkurs for ungdommane, og dei får då moglegheita til å dømme kampar for yngre lag. Eit eller fleire av dei eldste laga har tilbod om å reise på Norway Cup, noko som er ei svært stor oppleving for ein fotballspelar!

Påmelding fotballsesongen 2023

Meld deg på fotballsesongen 2023 her: