Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Årsmøte Kviteseid idrettslag

Kviteseid IL kallar inn til årsmøte torsdag 19. mars kl. 19.00 i Kommunestyresalen, Kviteseid kommune. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere styret i hende seinast to veker før årsmøtet. Saksliste finn de nedanfor. Andre nødvendige saksdokument vil vere tilgjengeleg på denne heimesida seinast ei veke før årsmøtet.

Aktivitetar for alle aldrar i nærmiljøet ditt!

Kviteseid idrettslag er eit fleiridrettslag som organiserar idrett innanfor fotball, ski, trim, friidrett, spinning, pilates og barneidrett. Kviteseid idrettslag ynskjer å gje eit aktivitetstilbod til brukarar i alle aldrar og å stimulere til fysisk aktivitet.