Bli medlem!
Kviteseid idrettslag ynskjer alle velkomne som medlemmer, anten du er aktiv eller bare ynskjer å vera støttemedlem. Alle som deltek i aktivitetar i regi av Kviteseid idrettslag, må vera medlem i eit av idrettslaga i Kviteseid kommune.
Familiemedlemskap i Kviteseid idrettslag blir fakturert på fylgjande måte:
Hovudmedlem: 200 kr/år
Enkeltmedlem pr. familie: 50 kr/år
Enkeltmedlemskap i Kviteseid idrettslag blir fakturert på fylgjande måte:
Enkeltmedlem - barn (under 18 år): 150 kr/år
Enkeltmedlem - vaksen: 200 kr/år
Kviteseid idrettslag brukar "Min idrett" for å registrere medlemmene. Min idrett er Norges idrettsforbund sitt eige register. Dersom du ikkje allereie har ein profil på Min idrett, må du opprette ein for å kunne melde deg eller eit familiemedlem inn i Kviteseid idrettslag. Viss du ynskjer å ha familiemedlemskap og blir fakturert med denne modellen, må du opprette relasjonar med dine familiemedlem på minidrett.no.
Frå Min idrett kan blant anna:
- Endre din personlige informasjon (f.eks. adresseendring).
- Sjå kva for funksjonar og verv som er registrert på deg.
- Betale medlemskontingent.
- Registrere din familie og gjera dei same operasjonane for heile familien samla.
I tillegg kan du bli med i Facebook-gruppa vår for å få dei siste oppdateringane.