Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Friidrett

Friidrett

To gonger i året er det friidrettsstemne på friidrettsanlegget rundt kunstgrasbanen. Øvingane er 40 m, 60 m, 800 m, 3000 m, liten ball og kule. Det er stor deltaking - opp til 80 utøvarar har stilt i klassene frå rekrutt (7 - 9 år) og opp til veteran. Deltakarar frå andre klubbar er også velkomne!

I tillegg til friidrettsstemner blir det arrangert landevegsløp, terrengløp, motbakkeløp og stafett i løpet av året.

Turmål

Rundt om i Kviteseid er det mange fine turmål. På fem av desse turmåla er det plassert ut fjellbøkar der turgåarane kan skrive seg inn. Det ligg fjellbøkar på Raudbergnuten, Tarren, Svollåi, Striplefjell og Kongsberg dam.

Kvart år blir det arrangert romjolstrim 2. joledag. Turen gjeng frå Kviteseidhallen til Lundevall grendehus. På Lundevall grendehus er det avslutning på trimåret der blant anna vinnarane av fjellbøkane blir trekt.