Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Rettleiing til Min idrett

Ny brukar

Dersom du ikkje har vore innlogga på Min idrett tidligare, må du fyrst registrere ein ny brukar.

På nettsida til Min idrett:
- Klikk på linken "Ny bruker" øverst til høgre på sida (til venstre for grøn "Logg inn"-knapp).
- Skriv inn personinformasjon.

Ved oppretting blir det gjort ein automatisk sjekk mot folkeregisteret. Registrer difor fødselsnummer og navn slik det er registrert i folkeregisteret, ellers vil registreringa feile.

Registrer mobilnummer fra ein telefon du har tilgjengelig, slik at du kan sjekke eingangskoden som blir sendt på SMS.

- Klikk på "Fortsett" (grøn knapp).

- Skriv inn ynskja brukarnavn (minst 6 tegn).
- Skriv inn ynskja passord to gonger (minst 8 tegn).
- Klikk på "Fortsett" (grøn knapp).

- Skriv inn eingangspassord du nå har fått tilsendt på SMS.

Det blir nå gjort ein automatisk sjekk mot idrettens databaser med navn, e-postadresse, kjønn og fødselsår. Dersom det er registrert ein person som matchar desse opplysningane frå før i idrettens databaser, vil du få opp mogelegheiten til å velge å knyte din nye brukar opp til denne personen, slik at din nye brukar får med seg eventuelle registrerte klubbmedlemskap og andre funksjonar, lisensar, kurs og kompetanse osv. Finn du deg sjølv fleire gonger i lista (noko som kan skje dersom du for eksempel har vore aktiv i flere idrettar, og klubbane har registrert kvar sin person i sine medlemsarkiv), kan du ta kontakt med Kviteseid idrettslag for å få slått saman duplikata, og samle all informasjon på ein brukar.

Rediger profil

På Min profil finn du linken til Rediger profil. Har du flytt, endra navn, e-postadresse eller telefonnummer kan du oppdatere denne informasjonen her. Opplysningane oppdaterast automatisk i klubbens medlemsregister.

Legg til familie

Du kan legge til familiemedlemmene dine frå din eigen profil i Min idrett. Kvart enkelt av familiemedlemmene du legg til vil ha sin eigen profil og vil kunne logge seg inn kvar for seg, samtidig som du sjølv kan administrere kvar av profilane samla. Du kan for eksempel melde på og betale for kurs og arrangement, og betale for lisensar for heile familien i ein operasjon.
Dette gjev også mogelegheitar for at barna, etter kvart som dei blir eldre, kan logge seg på sjølv og vedlikehalde sine eigne kontaktopplysingar og på eigenhand melde seg på til ulike arrangement og kurs, samtidig som foreldra i sin eigen profil kan fylgje med på kva for kurs og arrangement barna er meldt på, og fylgje med på om lisensen er betalt osv.

På nettsida til Min idrett:
- Logg inn på minidrett.no .
- Klikk på "Min profil".
- Klikk på "Legg til familie".

Det er tre alternative måtar å legge til familie på:
1. Under "Foreslåtte", vil personar som er registrert med same e-postadresse som deg sjølv automatisk visast. Set hake for dei du ynskjer å legge til, og klikk på knappen "Legg til". (Arkfana "Foreslåtte" blir ikkje vist, dersom det ikkje er nokon profilar som er registrert med same e-postadresse.)

2. Under "Eksisterende profil", kan du legge til profilar som allereie er registrert med ei anna e-postadresse enn din eigen. Skriv inn e-postadresse til profilen du ynskjer å legge til, og klikk på knappen "Søk". Set hake framfor den eller dei du vil legge til, og klikk "Legg til". Det blir då sendt ein førespurnad om familietilknytning til denne profilen. Mottakar av denne førespurnaden må så logge inn i sin profil og godkjenne førespurnaden.

3. Under "Nytt familiemedlem", kan du registrere familiemedlemmer som ikkje tidligare er registrert. Skriv inn personopplysningar, og klikk på knappen "Legg til".