Kviteseid idrettslag logo

Kviteseid idrettslag

Barneidrett

På barneidretten får ungar frå 5 år og opp til 12 år mogelegheit til å delta i ulike idrettsaktivitetar i Kviteseidhallen. Målet er å gje ungane meistring i ulike ferdigheitar.

Barneidretten er delt opp i to grupper. Den eine gruppa er for ungar frå 5 år til 1. klasse og den andre gruppa er for ungar frå 2. klasse til 5. klasse.

Barneidretten startar på hausten når fotballsesongen er over og sluttar på våren når fotballsesongen startar. Det er også ei pause om vinteren når skikarusell pågjeng. I vinter, då det var flott skeiseis på Sundkilen, blei det arrangert barneidrett ute på isen.

Velkommen til leik og moro!